tirsdag 11. september 2012

Skåla - Rival 11-Sep-2012

Skåla J11 spilte sin første kamp mot Rival J11 på kunstgrasbanen på Vågsetra den 11-Sep. Rival J11 hadde den utflytta Nesjestrandingen Roger Lillevik som trener og hans datter spilte på laget. Dette vart ein god kamp av Skåla-jentene. Dei scora første målet like etter avspark og varta opp med fleire sjanser utover i omgangen. Det første målet vart scora av Astrid. Rival kom tilbake og scora 2 mål før Elise utligna for Skåla-jentene. Pauseresultatet vart 2 - 4 etter at Rival kom igjen og fekk 2 nye mål.  Likevel var stemninga stor på Skåla-benken og blant eit entusiastisk heimepublikum. I andre omgang var Skåla-jentene best og vann omgangen 2 - 0 etter mål ved Elise og Karoline. Slutten av kampen vart spennande. Rival jaga seiersmålet, men Skåla forsvarte seg godt og klarte å spille omgangen utan baklengsmål. Sluttresultatet vart derfor uavgjort 4 - 4 og Skåla J11 fekk dermed sitt første poeng i årets serie. Dette lover bra for resten av sesongen. Mangel på bilder i bloggen skyldes at kampen vart såpass spennende at fotografen glemte å ta bilder i siste del av kampen.

Skåla-jentene feirer Astrids scoring og 1 - 0 ledelse over Rival. Vi ser at dommer Geir Atle noterer i målprotokollen og vidare Astrid, Elise, Karoline og Siri.
Målscorer Astrid og Rival-spiller Maria.
Farleg situasjone foran Skåla-keeper Sara. Ellers ser vi Astrid, Elise, Siri, Karoline og Mathea O.
Ida i angrep. Tett av Rival-forsvarere rundt ho.
2-målscorer Elise.
Skåla i angrep med Astrid og Ida.
Frå 2. omgang. Skåla i forsvar med Sara, Ida, Karoline og Elise.
Utspill frå Skåla-keeper Jeanett. Mathea O og Siri er forsvarere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar