tirsdag 25. september 2012

Skåla - Træff 25-Sep-2012

Returoppgjør mot Træff på Kunstgrasbanen på Vågsetra.

Id aog Karoline i angrep.
Mathea B i kamp om ballen.
Karoline og Mathea O.
Astrid, Mathea B og Elise.
Nora.
Ida, Elise, Karoline, keeper Sara, Siri og Astrid venter på corner.
Ida i forsvar.
Banens beste spiller var Træff's nr 4. Keeper Sara ser at ballen går utanfor målet.

tirsdag 18. september 2012

Molde - Skåla 18-Sep-2012

I dag var det klart for årets første kamp mot MFK. Kampen vart spilt på Råkhaugen Kunstgrasbane i Nordbyen, Molde. Det vart ein våt kamp med regnvær gjennom mesteparten av kampen. Litt oppholdsvær mellom bygene. Kampen endte med 8 - 0 seier til MFK. MFK-jentene vart nok ikkje uventa for gode for Skåla.   Det var igjen dårleg med lys til fotografering og ein del av bildene er delvis uskarpe. Nokre av bildene er tatt med ei hånd under ein paraply. Ida vart hardt takla 2 gonger og fekk frispark. Var heldig og fekk tatt bilde av den første "lufteturen" til Ida.

Astrid (9) og Nora (3) i kamp mot MFK.
Corner for MFK.  Ida, keeper Sara, Mathea O, Karoline og Nora i forsvar.
Nora.
Ida blir takla knallhardt av ei MFK-jente og får seg ein luftetur.
Corner til MFK.  Siri, Karoline, keeper Sara og Elise i forsvar.
Nora i farta.
Ida, Siri, Jeanett, Karoline og keeper Sara.
Ida.
Ida i farta.
Ida og Elise i angrep.
Karoline.

torsdag 13. september 2012

Skåla - Eresfjord 13-Sep-2012

Det var heimekamp mot Eresfjord på kunstgrasbanen på Vågsetra denne kvelden. Skåla-jentene tapte første kampen mot Eresfjord og håpa på revansje i kveld. Innsatsen til Skåla-jentene var svært bra, men det vart likevel tap 0 - 2. Likevel ei stor forbedring sammenligna med vårkampen. Hausten har no komme og det var overskya om kvelden. Det gjorde livet vanskelig for ein amatørfotograf sidan lyset var dårleg for fotografering. Nokre av bildene som er tatt er derfor litt uskarpe.

Keeper Sara.
Nora, Karoline og Jeanett.
Corner til Eresfjord. Jeanett, keeper Sara, Siri og Karoline.
Siri, Astrid og Nora i angrep.
Jeanett og Karoline.
Karoline, Jeanett, Siri og Elise.
Jeanett.
Ida med ballen. Elise avventer i bakgrunnen.
Corner for Eresfjord. Jeanett, keeper Sara, Siri, Karoline, Ida og Elise.
Astrid, Elise og Ida.
Ida tar corner.
Etter kampen : Nora, keeper Jeanett, Siri, Karoline, Sara, Astrid, Elise og Ida. Geir Atle var som vanleg god dommer.

tirsdag 11. september 2012

Skåla - Rival 11-Sep-2012

Skåla J11 spilte sin første kamp mot Rival J11 på kunstgrasbanen på Vågsetra den 11-Sep. Rival J11 hadde den utflytta Nesjestrandingen Roger Lillevik som trener og hans datter spilte på laget. Dette vart ein god kamp av Skåla-jentene. Dei scora første målet like etter avspark og varta opp med fleire sjanser utover i omgangen. Det første målet vart scora av Astrid. Rival kom tilbake og scora 2 mål før Elise utligna for Skåla-jentene. Pauseresultatet vart 2 - 4 etter at Rival kom igjen og fekk 2 nye mål.  Likevel var stemninga stor på Skåla-benken og blant eit entusiastisk heimepublikum. I andre omgang var Skåla-jentene best og vann omgangen 2 - 0 etter mål ved Elise og Karoline. Slutten av kampen vart spennande. Rival jaga seiersmålet, men Skåla forsvarte seg godt og klarte å spille omgangen utan baklengsmål. Sluttresultatet vart derfor uavgjort 4 - 4 og Skåla J11 fekk dermed sitt første poeng i årets serie. Dette lover bra for resten av sesongen. Mangel på bilder i bloggen skyldes at kampen vart såpass spennende at fotografen glemte å ta bilder i siste del av kampen.

Skåla-jentene feirer Astrids scoring og 1 - 0 ledelse over Rival. Vi ser at dommer Geir Atle noterer i målprotokollen og vidare Astrid, Elise, Karoline og Siri.
Målscorer Astrid og Rival-spiller Maria.
Farleg situasjone foran Skåla-keeper Sara. Ellers ser vi Astrid, Elise, Siri, Karoline og Mathea O.
Ida i angrep. Tett av Rival-forsvarere rundt ho.
2-målscorer Elise.
Skåla i angrep med Astrid og Ida.
Frå 2. omgang. Skåla i forsvar med Sara, Ida, Karoline og Elise.
Utspill frå Skåla-keeper Jeanett. Mathea O og Siri er forsvarere.