søndag 7. oktober 2012

Bendit Cup i Molde 7-Okt-2012

Skåla J11 var påmeldt til årets Bendit Cup som MFK arrangerer i Akerhallen og på Årølia Kunstgrasbane like ved Akerhallen. Jentene skulle opprinnelig spille 4 kamper, men den siste kampen mot eit av Molde sine lag vart avlyst. Denne dagen var det høljregn og sterk vind, så temmeleg umulege forhold for dei laga som måtte spille kampene utendørs. Alle kampene til J11-laget var satt opp ute på Årølia Kunstgrasbane.
Første kampen var mot Åndalsnes IF. Spillerne var våte allerede før kampen starta og det vart ein vanskeleg kamp i regn og vind. Fotografen fekk heller ingen lett oppgave i regnværet, og mange av bildene vart uskarpe med dei dårlege lysforholda som var. Måtte også prøve å berge kameraet frå regnværet, så det vart heller få bilder frå kampene.
Her er nokre bilder frå kampen mot Åndalsnes IF :


Paraplyvær for publikum. Her er jentene i aksjon mot Åndalsnes, Jeanett, Karoline og Astrid (9).
 
Siri (13), Elise, Mathea O, Ida (8) og Nora.

Elise, Mathea O og Siri.

Mathea O, Elise, Ida (8) og Karoline.

Elise, Karoline, Mathea O og Ida.

Det var ca 1 time venting til neste kamp mot Malmefjorden. Det regna godt og vi klarte å få plass inne i kioskteltet som var satt opp ved Årølia Kunstgrasbane. Her inne var det ein varmeovn slik at jentene fekk tørka seg og fekk igjen varmen.


Inne i kioskteltet.
Ida får seg litt mat.

Kamp nr 2 var mot Gossen. Det regna like ille om ikkje verre enn under første kampen. Men kampen vart gjennomført og jentene vart om mulig endå våtare og kaldere.


Frå kampen mot Gossen. Ida (keeper), Sara, Siri, Nora og Elise. Nils-Petter dirigerer troppene ved siden av målet.

Ida (keeper), Sara, Siri, Mathea B, Nora og Elise.

Keeper Ida har det roleg.


I pausen mellom andre og tredje kamp gjekk vi til Akerhallen alle sammen. Vi fekk beskjed om at dei ville ha premieutdelinga gjort før den siste kampen. Vi kunne dermed reise rett heim etter siste kampen og slapp å vere igjen våte og kalde for å vente på premieutdelinga. Alle fekk diplom og fleecegenser og lue med Bendit motiv. Det var folksomt rundt podiet der premieutdelinga var, men kom meg omsider i posisjon og fekk tatt bilder av dei tapre jentene frå Skåla J11.

Siri har fått sin premie.

Sara.

Mathea B.

Jeanett.

Karoline.
Nora.
Ida.
Astrid.
Mathea O.
Elise.
Skåla J11 på podiet.

Glade jenter :  Nora, Ida, Astrid og Mathea O.


Siste kampen gjekk mot eit av Molde FK sine J11 lag. Fortsatt uvær med sterk vind og kraftige regnbyger. Jentene fekk no spille med jakker og gule overtrekksskjorter sidan alle draktene var gjennomvåte.
Trur dei fleste var glade når kampen var over. Det hadde vore ei våt og kald forestilling.
Frå kampen mot Molde. Elise, Ida og Karoline i aksjon.
Elise, Ida og Karoline.

Elise og Ida.

Elise, Ida og Siri og Karoline

Elise, Karoline og Ida.

Elise og Ida.

Ida og Elise i angrep.

Elise, Karoline og Ida.

tirsdag 25. september 2012

Skåla - Træff 25-Sep-2012

Returoppgjør mot Træff på Kunstgrasbanen på Vågsetra.

Id aog Karoline i angrep.
Mathea B i kamp om ballen.
Karoline og Mathea O.
Astrid, Mathea B og Elise.
Nora.
Ida, Elise, Karoline, keeper Sara, Siri og Astrid venter på corner.
Ida i forsvar.
Banens beste spiller var Træff's nr 4. Keeper Sara ser at ballen går utanfor målet.

tirsdag 18. september 2012

Molde - Skåla 18-Sep-2012

I dag var det klart for årets første kamp mot MFK. Kampen vart spilt på Råkhaugen Kunstgrasbane i Nordbyen, Molde. Det vart ein våt kamp med regnvær gjennom mesteparten av kampen. Litt oppholdsvær mellom bygene. Kampen endte med 8 - 0 seier til MFK. MFK-jentene vart nok ikkje uventa for gode for Skåla.   Det var igjen dårleg med lys til fotografering og ein del av bildene er delvis uskarpe. Nokre av bildene er tatt med ei hånd under ein paraply. Ida vart hardt takla 2 gonger og fekk frispark. Var heldig og fekk tatt bilde av den første "lufteturen" til Ida.

Astrid (9) og Nora (3) i kamp mot MFK.
Corner for MFK.  Ida, keeper Sara, Mathea O, Karoline og Nora i forsvar.
Nora.
Ida blir takla knallhardt av ei MFK-jente og får seg ein luftetur.
Corner til MFK.  Siri, Karoline, keeper Sara og Elise i forsvar.
Nora i farta.
Ida, Siri, Jeanett, Karoline og keeper Sara.
Ida.
Ida i farta.
Ida og Elise i angrep.
Karoline.

torsdag 13. september 2012

Skåla - Eresfjord 13-Sep-2012

Det var heimekamp mot Eresfjord på kunstgrasbanen på Vågsetra denne kvelden. Skåla-jentene tapte første kampen mot Eresfjord og håpa på revansje i kveld. Innsatsen til Skåla-jentene var svært bra, men det vart likevel tap 0 - 2. Likevel ei stor forbedring sammenligna med vårkampen. Hausten har no komme og det var overskya om kvelden. Det gjorde livet vanskelig for ein amatørfotograf sidan lyset var dårleg for fotografering. Nokre av bildene som er tatt er derfor litt uskarpe.

Keeper Sara.
Nora, Karoline og Jeanett.
Corner til Eresfjord. Jeanett, keeper Sara, Siri og Karoline.
Siri, Astrid og Nora i angrep.
Jeanett og Karoline.
Karoline, Jeanett, Siri og Elise.
Jeanett.
Ida med ballen. Elise avventer i bakgrunnen.
Corner for Eresfjord. Jeanett, keeper Sara, Siri, Karoline, Ida og Elise.
Astrid, Elise og Ida.
Ida tar corner.
Etter kampen : Nora, keeper Jeanett, Siri, Karoline, Sara, Astrid, Elise og Ida. Geir Atle var som vanleg god dommer.